Velkommen
til Stad Hotell

Velkommen til Stad Hotell, hotellet i vest som har Stadhavet som næraste nabo. Hotellet har gode kurs- og konferansefasilitetar, og ein restaurant som tilbyr utsøkte rettar hovudsakleg basert på sjømat.
Hotellet er eigd av Ervik Havfiske - konsernet, og har derfor direkte tilgang på fyrsteklasses sjømat. 

Stadlandet har eit rikt utval av oppmerka turløyper og aktivitetar som passar for alle. Enten du skal på jobb-reise, kurs eller privat reise, så er Stad Hotell er eit godt val.

Vi gledar oss til å ta imot deg.

Hotellet

Tradisjonsrikt og sjarmerande

Stad Hotell ligg på Leikanger, Stadlandet, lengst mot vest i Stad kommune. Hotellet består av den renoverte Furebuda og ei ny fløy med den nybygde Hoddevikbuda – til saman har vi 32 hotellrom, konferanselokale, møterom, bar, pub og restaurant.

Furebuda var opphaveleg ei fiskebud med fryselager. Fiskebuda vart bygd om til restaurant og pub i 2001. I 2017 vart Furebuda utvida til eit lite og koseleg hotell med 12 hotellrom. I 2019 utvida eigarane ytterlegare, og bygde ei heilt ny og toppmoderne hotellfløy med 20 hotellrom, ein stor konferansesal, fleire møterom og eit museum med historisk sjarm. Denne vart bygd på tomta til gamle Hoddevikbuda, derfor fekk hotellfløyen same namn. I museumet er det brukt det same treverket som var på den opphavelege Hoddevikbuda.

Kva skjer på Stad Hotell?

Hildegunn og Leif-Per på Stad Hotell.
Dørene opnar kl. 19.00. SHOWTIME: KL. 20.00
NB. 18 ÅRS-GRENSE
Skjærtorsdag 04.04 serverar vi raspaball/komle kl 13.00-16.00.
Standup show med Brekke og Falldalen på Stad Hotell 27. April
NB. 18 ÅRS-GRENSE

Ervik Havfiske-konsernet

Råvarer av høgste kvalitet
Stad Hotell er ein del av Ervik Havfiske-konsernet.
Konsernet er eit av Noregs største autolineselskap, i tillegg til å drive med tannfiske i Sørishavet og nysatsing med reke- og snøkrabbefiske i Barentshavet. Hovudadministrasjon er på Stadlandet,  – ikkje langt frå Stad Hotell. 
Til saman er konsernet involvert over 30 selskap både gjennom eigarskap og management. Konsernet har selskap som driv med mellom anna verkstad, forsyning, proviant, rekneskap, eigedom, sal av sjømat, logistikk, lager, forsking og hotell. 
Les gjerne meir på konsernets eiga heimeside: www.ervikhavfiske.no